Kast ikkje søpla di i havet!

Visste du dette? Verdshava er fulle av plast og anna søppel, men veit du eigentleg kva som skjer med søpla når du kastar ho på sjøen?

• Papir blir liggande i 2 – 4 veker • Papp blir liggande opp til fem månadar • Mjølkekartongar blir liggande i fem år • Bomullsfiller blir liggande i eitt til fem år • Aluminiumsboksar blir liggande i mellom 80 og 100 år • Blekkboksar blir liggande i 50 år • Plastringar frå sekspakningar blir verande i meir enn 450 år • Plastposar blir liggande i 10 til 20 år • Isopor blir liggande i 1000 år • Sigarettsneipar blir liggande i mellom eitt og fem år • Glasflasker blir liggande i 1 million år • Plastflasker blir liggande i uendeleg tid

Vi kastar 8 millionar tonn plast i havet - kvart år! Forskarar trur at vi firedoblar mengda av søppel vi kastar i havet før 2025.

Norsk Barneblad for miljøsmarte barn - på nynorsk!