Katt

Kattar høyrer svært godt Medan eit menneske berre kan oppfatte lydar opp til 20 00 hertz (svingingar per sekund), greier kattane å høyre lydar heilt opp til 100 000 hertz. Ei mus må difor verkeleg vere stille dersom katten ikkje skal høyre henne.

Når det nokre gonger kan verke som om katten har overnaturlege evner og kan sjå inn i framtida, kjem nok det av at han høyrer så godt. Om det til dømes kjem eit ras, kan katten høyre dette og skjøne kva som skjer, lenge før folk forstår det.

 

Kattauge

I gamle dagar var det vanleg å kalle ein slik rund, raud refleks du har på bakskjermen på sykkelen din, for kattauge. Det kan verke rart, for som alle veit, har kattar slett ikkje raude auge. Men det er ikkje så dumt likevel, for på ein måte fungerer auga til ein katt på same måte som ein refleks. Dei fangar opp lys, og sender det tilbake slik at det nesten ser ut som om kattauga lyser i mørkret. Men er det heilt mørkt, kan heller ikkje kattar sjå. Da må dei bruke luktesansen, hørsla og dei svært kjenslevare vêrhåra.

 Katten har eit ekstra sett med stemmeband

Mange har lurt på korleis katten får til lyden når han mel (den koselege rrr-lyden når han ligg på fanget ditt). Alle kattar har eit ekstra sett med stemmeband. Ekspertane kallar desse for dei falske stemmebanda fordi katten ikkje bruker dei når han mjauar. Men når katten kviler og pustar ut og inn, blir male-lyden til ved at lufta strøymer forbi dei falske stemmebanda.

 

Tunge kattar

Vanlegvis veg ein katt av blandingsrase mellom 4 og 5,5 kg. Men det finst kattar som er nærare 20 kg. Av rasekattane er Maine Coon-katten frå Nord-Amerika ein av dei tyngste. Det er ikkje uvanleg at desse veg over 10 kg. Også norske skogkattar høyrer med til tungvektarane.

 

Katten som symbol

Når vi ser ein norsk katt som ligg og søv fredeleg og roleg i ein lenestol, er det vanskeleg å tenkje seg at katten har vore tillagd mange skumle eigenskapar i mange land og kulturar gjennom tidene. For indianarane var villkatten eit symbol på det lumske og smygande. I Kina trudde dei at ein framand katt var eit varsel om ubehagelege forandringar. I mange land har dei trudd at svarte kattar varsla sjukdom og ulykke. Men det var slett ikkje alltid at folk trudde så ille om kattane. I den nordiske mytologien var vogna til gudinna Frøya dregen av kattar. Og i det gamle Egypt var katten heilag. Det er funne mange kattemumiar, kattar som er gravlagde saman med eigaren sin.

Tekst av Gard Espeland Teikning av Trond Rømo

Norsk Barneblad for dyreglade barn - på nynorsk!