Kattar på jobb

hermitage

I St. Petersburg i Russland finn vi eit museum med meir enn tre millionar kunstverk. Ja, Hermitage er eit av dei viktigaste musea i verda. Den vakre og kjempestore bygningen er gammal, og samlinga går heilt tilbake til Peter den store si tid. Ein svær kjellar husar dei kunstverka som ikkje er utstilte. Slike store kjellarar er populære for mus og rotter, og dei kan gjere stor skade på kunstverka.  Dotter til Peter den store, tsarina Elizabeth, fann løysinga på problemet med gnagarane. Ho bad folk om å sende sine beste musefangarar til slottet. Og som sagt, så gjort. Hermitage fekk sin eigen vesle hær av kattar. Dei sytte for at ingen rotter eller mus sprang rundt i gangane, men blei til kattemat, alle som ein. På den tida var Hermitage ikkje noko museum, men det private slottet til Elizabeth. Og seinare, då Hermitage blei museum, heldt kattane fram med å bu der og gjere jobben sin. Ja, dei levde altså igjennom Napoleonskrigen, den russiske revolusjonen og første verdskrig. Men under andre verdskrig svalt kattane i hel saman med mange, mange menneske. Då den krigen var over, kom det nye kattar for å gjere jobben, og etterkomarane deira jobbar der enno.

Har du auga med deg, kan du sjå dei utanfor og rundt omkring på gardsplassane i Hermitage. Flesteparten av kattane held seg helst i kjellaren, men av og til kjem dei opp ein tur for å få litt frisk luft og litt sol.

I meir enn 200 år har kattane halde Hermitage musefritt. Bra jobba!

Norsk Barneblad for glade og opplyste barn - på nynorsk!