Kattebåten

Henriette van Weelde tok  ei heimlaus kattemor og hennar nyfødde kattungar inn i huset sitt. Ho hadde ikkje hjarte til å overlate dei til seg sjølve. Dette hende i 1966 i Amsterdam i Nederland. Det tok ikkje lange stunda før huset til snille Henriette var fullt av heimlause kattar. Kva skulle ho finne på? Aha, tenkte Henriette då ho såg ut vindauget sitt og ned på husbåtane som låg i kanalen. Ein husbåt kan eg ha råd til å kjøpe. Og som tenkt så gjort. Henriette kjøpte ein husbåt og innreidde han til kattane sine og slik kom den første kattebåten istand. Nokre folk kom for å hjelpe til og andre kom for å finne seg ein ny katt. Kattebåten blei veldig populær og etter kvart kom det folk frå alle kantar for å sjå kattane som hadde sin eigen husbåt. Og er du i Amsterdam må du sjølvsagt sjå, du også. Du finn meir om kattebåten på www.poezenboot.nl

Norsk Barneblad for dyrevennlege barn – på nynorsk!