«Kjærastar i gamleda’r»

For sytti år sidan blei Berit og Oddgeir kjent med kvarandre. Då var dei ungdommar. Dei blei brevvennar etter at Oddgeir hadde sett ei tekst som Berit skreiv til Norsk Barneblad den gongen. No er dei snart 80 år gamle, og Norsk Barneblad har vore så heldige at me har fått kome på besøk til dei.

Det er varmt og triveleg heime hos Berit og Oddgeir. Dei har funne fram kaffi og kake. Dei er blide og pratsame folk som likar besøk. Dei har mange stolar i stova, og har plass til mykje besøk. Denne gongen er det berre eg som har kome. Eg hadde lyst til å ta ein prat med dei slik at alle som les dette bladet, kan få høyre den koselege historia deira. Berit kjem frå Nord-Noreg, og Oddgeir er frå Austlandet. No bur dei på plassen der Oddgeir vaks opp.                

Blei brevvennar

Då dei var ungar, pleidde dei å lese Norsk Barneblad. Ein gong, då Berit var 13 år gammal, bestemte ho seg for å skrive ei tekst og sende inn til bladet. Ho hugsar ikkje kva ho skreiv om, men ho hugsar at ho fekk mange brev tilbake frå unge som hadde lese teksta. – Dei fleste var jenter, men eg fekk og brev frå Oddgeir, fortel Berit. Oddgeir seier at han likte stykket Berit hadde skrive, så han fekk lyst til å sende ho eit brev. Det var ein lur idé. Dei blei brevvennar og skreiv til kvarandre i mange år. – Eg hugsar at eg slutta å skrive ei god stund, seier Oddgeir. – Men etter omtrent eit år fann eg ut at eg skulle ta opp att kontakten.                

Å bu på ein landhandel

Første gongen dei trefte kvarandre, var i Trondheim om sommaren det året Oddgeir var i militæret. Jula same år kom Oddgeir på besøk til Berit i Nord-Noreg. Det blei nokre slike turar før dei bestemte seg for å trulove seg jula i 1957. Så flytta Berit til Oddgeir på Austlandet. St. Hans-helga i 1959 gifta dei seg, og nokre år seinare tok dei over landhandelen som foreldra til Oddgeir dreiv. Ein landhandel er ein liten butikk som sel omtrent alt det folk i bygda treng. – Diverre er det ikkje så mange landhandlarar som held opent lenger, fortel Berit. Oddgeir og Berit sel ikkje matvarer no lenger, og dei har ikkje faste opningstider heller, men det går framleis an å kjøpe varer der. – Nokre gonger ringer folk, eller dei berre stoppar på veg forbi, forklarar Berit. Ekteparet bur i huset der landhandelen er. Dei har god plass, noko som var kjekt då dei hadde ungar buande heime.

Stor familie

Både Oddgeir og Berit er einebarn, men saman fekk dei fire ungar, og i dag har dei åtte barnebarn. Det yngste barnebarnet fyller 14 år i år. Ungane og barnebarna deira bur forskjellige stader i landet, men dei kjem ofte på besøk, noko Oddgeir og Berit synest er veldig koseleg. Berit strikkar vottar og sokkar til barnebarna, og Oddgeir fortel om då han dreiv med langrenn og idrett. Han fortel og at han var med på teater i ungdomslaget heime då han var yngre. Saman med barna drog dei ofte på turar i heile Noreg. Berit og Oddgeir likar å reise. – Det er så mange fine plassar å sjå, seier Berit. Oddgeir har vore på mange turar både med og utan kona. – Ein av dei mest spennande plassane eg har vore på, er Svalbard, fortel han.

Norsk Barneblad før og no

Det ser annleis ut no enn før, seier Berit og studerer den nyaste utgåva av Norsk Barneblad. – Det er større, og så har det så mange fine bilete og flotte farger, legg ho til. Oddgeir meiner å hugse at bladet var større før, men er ikkje heilt sikker. Han går ned i kjellaren for å sjå om han klarer å finne den utgåva av bladet som Berit skreiv til, men han finn ho ikkje. Han har så lyst til å vise fram bladet. – Eg skal sjå på nytt i morgon, seier han. Det er lenge sidan dei såg Norsk Barneblad. Dei slutta å lese det for mange år sidan, og har ikkje abonnert til korkje ungane eller barnebarna sine. Men dei synest det er morosamt å sjå korleis bladet har forandra seg. Dei blei altså brevvenner for mange år sidan. Det er kanskje ikkje så mange som blir brevvenner no til dags? Kven veit, kan hende nokon av dykk som les dette bladet, finn ein kjærast her?

Vil ikkje stikke seg fram

I dag er det mange barn, unge, ja til og med vaksne som likar å dele med alle rundt seg kva dei driv med, og kor dei har vore. På Facebook og Instagram og i bloggar deler dei bilete og tankar. Ekteparet som me har besøkt, ønskjer ikkje å dele så mykje. Dei er ikkje så glade i å stikke seg fram, som dei seier. Dei synest det er veldig koseleg å få besøk av oss, men dei synest ikkje det er naudsynt at alle får vite kven dei er, og kva dei har gjort. Dei er nok frå ei litt anna tid enn oss som er unge i dag. Dei synest det er hyggeleg å fortelje om seg sjølve, men vil helst halde hemmeleg kven dei eigentleg er. Og det er heilt greitt. Norsk Barneblad er uansett veldig glade for at me fekk lov til å besøke dei og skrive om dei.

Tekst og foto: Rita S. Strandbakke