Kjenner du desse gamle påsketradisjonane?

Skjærtorsdag I gamle dagar skulle ikkje menn bruke øks eller kniv på skjærtorsdag, og kvinner skulle ikkje strikke. Det var fordi ein meinte at krossen Jesus blei hengd på, blei laga denne dagen, og strikkepinnane minte om lansene Jesus blei stukken med.

Unge menn gjekk rundt og tagg langfredagstråd av unge jenter. Dei festa tråddokker i ulike fargar på jakkene sine. Det var om å gjere å få flest dokker festa på jakka si.

Mange sette ut ein sopelime på trappa. Det var fordi dei trudde at heksene flaug til Bloksberg denne natta. Og sette dei ikkje ut ein sopelime som heksene kunne bruke som transportmiddel, så ville dei stele ein hest, ei ku eller ei geit i staden. Ja, mange tok til og med hjula av plog og vogner så heksene ikkje skulle stele dei. På Sørlandet ringde ein med kyrkjeklokkene før sola stod opp, for det fekk heksene ned på bakken igjen.

Det første levande du trefte når du vakna om morgonen, ville verke inn på deg. Møtte du ein hest, ville du bli sterk i det komande året. Var det ein katt, blei du lat, medan småfuglar ville gje deg eit år med glede.

Langfredag

På langfredag skulle alle slite og sørgje. Difor var det vanleg å gjere tungt og slitsamt arbeid den dagen. Mange la småstein i skorne for å minnast Jesus lidingar. Barn skulle vere heilt stille og fekk ikkje lov til å leike eller more seg. Alle, både barn og vaksne, skulle gå i gamle, slitne klede. Langfredag var ein dag for pine og slit.

I gamle dagar var ikkje påskeriset berre til pynt. Nei, den første som vakna, tok påskeriset og risa dei som enno låg i sengene sine. Det var inga rangordning. Var det tenestejenta eller guten som vakna først, så skulle dei rise husbonden og dei andre som enno sov.

På langfredag var det framleis faste. Mange åt ikkje i det heile. Mat laga av mjølk var strengt forbode for alle, også for ungane, til langt ut på ettermiddagen. Heller ikkje buskapen fekk mat før utpå ettermiddagen. Og helst skulle ein då ete «dårleg» mat og slettes ikkje velsmakande mat eller godteri.

Flagget heiste ein på halv stong langfredag og til topps påskemorgonen.

Brød og kaker som blei baka på langfredag, mugna aldri. Egg som blei lagde denne dagen, kunne aldri rotne. Men vaske klede skulle ein ikkje på langfredag, for då kom ikkje kleda til å bli reine.

God påske!

Norsk Barneblad for alle barn - på nynorsk!