Knask eller knep - digg eller deng!

No er tida snart koma for nifse masker og søtt godteri! I helga blir det feira halloween over heile landet. Men kva er halloween? Halloween er det engelske namnet på allehelgensaftan, det vil seie natta før allehelgensdagen, som var den katolske minnefesten for helgenar og martyrar. Halloween blir feira om kvelden 31. oktober, medan allehelgensdagen eller helgemessa er lagd til fyrste søndagen i november. USA-inspirert

I vår tid er halloween særleg blitt markert i USA, der utkledde ungar går frå hus til hus og tiggar godteri. Får dei ikkje godteri, så kan dei finne på fantestrekar. I dag er skikken utbreidd i store delar av den vestlege verda, også her i landet, der korkje allehelgensaftan eller allehelgensdag har vore viktige festdagar etter at Noreg ikkje lenger var katolsk. Ordet halloween stammar frå (All) Hallows Eve, det vil seie "alle heilages kveld". I USA fekk feiringa si moderne form på slutten av 1800-talet, medan skikken fekk eit gjennombrot i Sverige i 1995. I Noreg tok det noko lengre tid, men rundt år 2000 fekk skikken fotfeste her i landet, godt hjelpt av påverknad frå amerikansk massekultur og kommersielt press. I feiringa er det vanleg å pynte med skumle symbol, ofte med referanse til døden, svart magi eller mytiske monster. Fargane svart og oransje er blitt typiske halloween-fargar, og står for høvesvis natt og mørke makter, i tillegg til graskar og grøda frå jorda.

Sel godt Butikkar over heile landet stadfestar at det ser ut til at skikken er komen for å bli. Dei fleste har halloween-varene hengande oppe i heile oktober. Det er utstyr til ungdommar som har tenkt seg på halloween-party, men det er òg mange foreldre som kjøper kostyme til barna sine. Det blir handla med drakter, spindelvev, og alt mogleg rart av pyntegjenstandar. Noko som er skikkeleg populært, er hattar med hår. Butikktilsette trur forklaringa på at skikken er blitt populær her til lands, er at vi hermar etter amerikanarane. Dei fleste nordmenn har fått eit forhold til skikken gjennom fjernsynet. I USA er dette ei kjempestor feiring som vi kan sjå i filmar og tv-seriar.

Norsk Barneblad for glade og opplyste barn - på nynorsk!