Kongekrabben er ute på tur!

Den kjempedigre krabben har i fleire år spreidd seg nedover langs norskekysten, og mange meiner han øydelegg for andre krabbar og dyr som lever på sjøbotnen. Kongekrabben er både stor og svolten og et det meste han finn på botnen. Han reinskar godt opp der han fer forbi. Ingen fiendar har han heller, og det er sjølvsagt ikkje bra. Men kongekrabben smakar godt og blir stadig meir populær på matborda, og godt er det. Truleg må vi passe på så dei ikkje blir for mange og øydelegg for alt anna liv langs kystlina vår. Ei ny studie frå Varangerfjorden syner at kongekrabben reinskar havbotnen for alle andre dyr som lever der. Dei vanlege artane er redusert så mykje som 80 til 95 prosent. Dei artane som "luftar" havbotnen ved å tilføre vatn som inneheld oksygen blir borte. Det betyr at havbotnen blir forgifta av hydrogensulfid på grunn av mangelen på oksygen. Slik blir havbotnen lagt aude.

Men det er ikkje berre norskekysten som er truga av den digre krabaten. No har kongekrabben nådd kanten av Antarktis eller Sørpolen. Den globale oppvarminga gjer det muleg for mange artar å overleve i havområde som før var for kalde. Med ei til to grader varmare vatn kan mange artar finne nye område å leve i, som til dømes Antarktis. Dette er ikkje så bra. Havet rundt Antarktis har alltid fått vere i fred, nettopp fordi det er så kaldt. Her har det gjennom millionar av år utvikla seg eit heilt spesielt liv. Enno er det slik at langt, langt nede i djupet lever dyr og organismar ingen menneske har sett. Men dette kan ta slutt om kongekrabben får ture fram som no. Kongekrabben likar seg i både kaldt og svært djupt hav, og havet rundt Antarktis er fullt av god mat for slike glupske vesen. Her må noko gjerast før det er forseint.

Norsk Barneblad for glade og opplyste barn - på nynorsk!