Kva er god bordskikk?

god bordskikk
god bordskikk

Det er ikkje god bordskikk å ete med fingrane eller å slikke dei reine. Eller er det kanskje det? Ja, det er berre eit spørsmål om kvar du er når du gjer det. Er du i Marokko, er det fint, men er du i Russland, er det heller tvilsamt. Her i landet sit vi på stolar rundt middagsbordet, som er dekt med tallerkar, knivar, gaflar og glas. Maten set vi på bordet på serveringsfat som vi sender rundt til kvarandre. Det er høfleg å berre ta litt på tallerkenen sin om gongen og heller forsyne seg fleire gongar. På bordet set vi ofte fram tannpirkarar til den som måtte trenge det. Når måltidet er ferdig, går vi gjerne inn i stova og drikk kaffi der.

Om du stikk innom ein venn på eit uventa besøk, og han spør om du vil ha ein kopp te og du takkar ja, så får du ein kopp te og ingenting anna. Og om han høfleg spør deg om du vil ha litt mat, og du takkar nei, så spør han ikkje ein gong til.

I Marokko sit ein på kne rundt eit lågt bord. Maten blir servert frå eit keramikkfat som står midt på bordet. Alle et med høgre handa og brukar tre fingrar. Det er høfleg at all mat blir eten opp, men kvar og ein skal ikkje ete seg stappmett. Etter maten slikkar ein fingrane reine før ein seinare vaskar hendene sine.

I Frankrike er det om lag som med oss, men du finn aldri tannpirkarar på bordet. Nei, her er det uhøfleg å bruke tannpirkar medan ein sit ved bordet. Det er også svært uhøfleg å snakke med mat i munn eller å ha olbogane på bordet. Etter å ha ete skal ein tørke seg pent på servietten før ein drikk av glaset sitt. I Frankrike er det også vanleg at kvar familiemedlem har sin eigen tøyserviett som dei brukar til kvart måltid heile veka igjennom.

I Russland serverer ein mange og varierte forrettar, og folk er ganske så mette før hovudretten endeleg kjem på bordet. Hovudretten er mykje mindre enn i Noreg, og folk forsyner seg berre ein gong. Til slutt er det sjølvsagt dessert, som ofte er pirogar eller kake. Heile kvelden kan ein sitje rundt middagsbordet og skravle og kose seg.

Når ein russar serverer te eller kaffi, så er det alltid med brødskiver og kjeks til. I Russland er det også høfleg at ein byr gjesten sin på mat mange gonger før gjesten takkar ja. Ein høfleg gjest svarar sjølvsagt nei første gongen han blir bydd mat.

Norsk Barneblad for glade og opplyste barn - på nynorsk!