Kva med ein knallraud snømann?

Det er kjempegøy å byggje i snø. Men kanskje det er litt kjedeleg at snøen er kvit og berre kvit? Dersom du vil, kan du måle snømannen du har bygd, eller snøkona. Du treng eit stort fargeskrin eller pulverfargar. Bland med varmt vatn og set i gang. Brukar du pulverfarge, kan du blande ut såpass i varmt vatn at du kan måle med målarkost. Det er viktig at vatnet er varmt, for om du målar med kaldt vatn og kald pensel, så blir det jo berre is-sørpe. Men brukar du varmt vatn, ikkje så varmt at du skåldar deg sjølvsagt, så smeltar det yttarste snølaget, fargen frys fast til iskrystallane og det blir eit skikkeleg fint resultat. Pass på at du brukar giftfrie fargar.

Norsk Barneblad for skapande barn - på nynorsk!