Kva veit du om vikingar?

Hebjorg

Var alle vikingar blodtørste krigarar som drap og stal overalt der dei kom? Og reiste dei i langskip med raudstripa segl og gjekk i hjelmar med digre horn? Og åt giftig sopp for å kome i krigshumør? I septemberutgåva av Norsk Barneblad skriv vi om vikingar og om alt det rare folk trur om vikingar. Mykje er ikkje sant. Til dømes hadde ingen vikingar horn på hjelmane sine. Dei brukte heller ikkje hjelm så ofte, men som oftast ei god tjukk luve av ull. Har du lyst til å vere viking, kan du jo strikke deg ei skikkeleg brynje, oppskrifta finn du i bladet. Vikingmaten var slettes ikkje så verst, test ut oppskrift på byggmjølsgraut med bringebær. Så har vi "tenkt" at vi snakkar med to vikingbarn for å finne ut litt meir om kva barn dreiv med på den tida. 

Norsk Barneblad for nysgjerrige barn på nynorsk!