Lag din eigen mote

No er det tid for loppemarknader, og du kan gjere eit kupp. Ja, i alle fall om du har tilgang til ein symaskin og er litt nevenyttig og smart. Du treng ein sprettekniv, saks, symaskin, nål og tråd og eit oppfinnsamt hovud.

Nokre enkle tips før du går i gang:

Har du ikkje symaskin, eller dersom du ikkje kan sy med maskin, så kjem du langt berre med nål og tråd.

Bruk sikksakk-saum på strikka stoff, då losnar ikkje maskene, og saumen blir bitte litt elastisk.

Bruk vrangsida på nuppete genserar.

Nokre forslag til kva du kan gjere:

  • Kjøp ei gammal herrejakke i tweed og vask ho på skikkeleg varmt program. Slik kryp ho ned fleire størrelsar til ho passar deg! Pynt opp med feminine detaljar.
  • Broder namnet på yndlingsbandet ditt på ei gammal luve eller på ein bomullspøs.
  • Teikn med stofftusjar på gamle t-skjorter i bomull. Stryk over med strykejarn og legg plagget i steikjeomnen på svak varme ein times tid. (Følg med omnen heile tida! T-skjorta MÅ vere i bomull!)
  • Ein einsfarga genser kan bli stilig om du set inn ei stripe i ein kontrastfarge.
  • Eit gammalt skjørt blir stilig om du syr inn tynn buksestrikk rundt heile nedste kanten og lagar ballongskjørt av det.
  • Ein gammal BH kan bli ei råstilig lita veske eller ein liten pung.
  • Sy inn buksene nede – om du syns sleng er ”ut”.
  • Lag puffarmar ved å sy ein løpegang med strikk i nedst på ermane.
  • Bruk ribbedelen på gamle sokkar til å erstatte alt frå jakkemansjettar til å sy fast nedst på gamle bukser.
  • På jakker, genserar, kjolar og t-skjorter kan du sy på knappar hulter til bulter og få eit heilt nytt plagg.

Nokre små detaljar du kan leike deg med:

  • Knyt sløyfer i halsen, bruk gjerne gamle fine skjerf du kan finne på loppis.
  • Breie silkeband kan brukast som belte i bukser, på jakker, på kjolar og genserar. Du kan knyte dei med sløyfer eller bruke brosjer til å feste dei med.
  • Brosjer som glitrar og skin, er høgste mote og kan brukast til alt.

Norsk Barneblad for skapande barn - på nynorsk!