Lag ditt eige insekthotell!

Du har sikkert lært på skulen at insekta er mange millionar år eldre enn pattedyra, medrekna oss. Dei er uthaldande og svært viktige for plantelivet. For at noko skal gro og vi skal kunne få mat, må nytteinsekt bestøve blomar og halde utøy borte. Difor må dei ha mange ulike planter rundt seg, og plassar å leggje egga sine så makkar og pupper får vere i fred. Vi kan snikre ei hylle av uhøvla bord og lage ulike miljø i hyllene. I ei hylle legg vi vedkubbar der vi har bora hol i ulike storleikar, ei vedskie må ha store nok hol til humler, andre må ha små hol som passar til marihøner. I neste hylle dyttar vi inn tørt gras, så lagar vi ei hylle proppfull av tørka plantestenglar. Fivreld (sommarfuglar) får ein kasse med ei smal spalte: Bor tette hol etter einannan og bank ut ei spalte med hoggjern og hammar. Her kan fivrelda kome inn, leggje frå seg egg som blir til larve og puppe, for så å smyge seg gjennom spalta når dei har lirka seg ut av puppa og fått venger. Mange meiner dei skal ha ein liten kloss under spalta der dei kan sitje og myse medan dei prøver å spile ut dei nye vengene. Vil du ha mange sommarfuglar ute, må det vere att ein krok med brennesle, der likar dei seg. Ei blomsterpotte av leire som står opp ned på ein pinne, og som er stappa full med tørt gras, er også eit fint insekthotell. Så ventar vi på marihønene!

Ein annan velkomen gjest i hagen eller parsellen er piggsvinet. For at det skal slå seg ned, må ikkje alt vere strigla: La det vere litt tørka plantedelar og kvistar ein stad så dei kan slå seg til. Og du veit vel at du ikkje skal gje mjølk til piggsvina? Det toler dei ikkje.

Tekst og teikning: Svanaug Steinnes

Norsk Barneblad for miljøvennlege barn - på nynorsk!