Lag eit tivoli!

Dette blir det mest spennande som skjer i sommar. Du og kameratane dine kan lage eit tivoli. Alle kan vere med, men det er mest praktisk om alle er under 15 år. Nokre gonger er det ein fordel å vere barn. Dersom vaksne skal lage til tivoli, må dei ha lov frå kommunen og politiet. Det treng ikkje barn. Men vi må sjølvsagt spørje dei som eig området, om lov til å ha tivoli. Elles kan det bli bråk. Du må finne ein flat plass som ikkje blir sølete ved regnver. Bruk ikkje ein plass som ligg for nær sjøen eller for nær trafikkerte vegar. Finn så ein passande dato, slik at de har god tid til planlegging og bygging. Ta helst ein laurdag, og ta til på ettermiddagen når alle har fri. Vel de ein laurdag, kan de også utsetje arrangementet til søndag dersom det blir dårleg ver.

Det neste blir å bestemme kva slags attraksjonar de skal ha. De må minst ha fire eller fem for at tivoliet skal bli vellykka. Her er nokre forslag:

Pilkasting

Dersom de ikkje har blinkar, kan dei lagast av ei porøs (laus) sponplate. Dei må vere litt store, slik at dei som kastar, har ein sjanse til å treffe blinken. Set opp store plakatar rundt blinken slik at piler ikkje kjem bort om den som kastar, bommar på blinken. Ha likevel nokre reservepiler på lur. Det er viktig at de tenkjer dykk godt om slik at ingen blir skadde av piler som kjem på avvegar. Ha aldri meir enn ein blink, og ver berre ein til å passe på. Er det fleire, blir det lett rot som kan føre til ulykker. Prøv deg fram med avstanden til blinken slik at det ikkje blir for lett og ikkje for vanskeleg.

Ball i bøtta

Ta ei plastbøtte og nokre ballar. Det gjeld om å kaste ballane oppi bøtta. Den som greier det, får ein premie eller eit diplom.

I staden for eller i tillegg til ei bøtte kan de også lage eit stort ansikt av ei papp-plate. Klipp ut to hol til augo og eitt hol til munn. Så gjeld det å treffe hola med nokre av ballane. Har de ikkje ballar, går det an å bruke små posar med sand i staden.

Saft og vatn

Å selje saft og vatn er noko som høver godt for dei yngste. Greier de å skaffe isbitar, er det fint. Sjølvsagt kan de også selje annan mat og drikke enn saft og vatn, men det er ikkje lurt å satse for stort, i tilfelle heile tivoliet må avlysast på grunn av dårleg ver.

Slå i spikar

Finn ein stor trekubbe. Dei som greier å slå i ein spikar med berre tre slag, får premie. Pass på så det ikkje blir for vanskeleg.

Midt i blinken

Dette er ein morosam konkurranse. De treng ei lanse, ein blink og ein stor hatt. Til lanse kan de bruke ein trestav, tre meter lang og tre til fire centimeter tjukk. Lansa skal ikkje vere spiss. Blinken kan de teikne opp på ei papp-skive. Han bør vere om lag ein meter i diameter og ha fem ringar. Det vil seie fem poeng i midten og eitt poeng lengst ute. Hatten kan de også lage av papp. Han skal vere så stor at han går ned på hovudet til ein vaksen, slik at han ikkje ser noko. Det er nesten som å gå blindebukk. Ein går med hatten over hovudet på ein ti meter lang bane. Før ein tek til, får ein sikte seg inn med lansa mot blinken. Så set ein på hatten. Lanse-beraren skal no råke blinken og freiste å få så mange poeng som råd. Alle får gå tre gonger, og dei samanlagde poenga blir sluttresultatet.

Å gå med hatten nedover augo er svært forvirrande, og det er morosamt for dei som ser på.

Spenn opp ei snor rundt banen slik at folk ikkje spring rundt og forstyrrar lanseberaren. Det er også praktisk at blinken sit på ein stor vegg eller eit gjerde. Da går konkurransen fortare. Når lanseberaren råkar veggen eller gjerdet, er han ferdig.

Det finst også mykje anna de kan gjere, slik som å kaste ring på pinne eller å kaste ball på blekkboksar. De kan sjølvsagt også ha lykkehjul, men ofte er det mest moro når publikum kan gjere noko sjølve. Tenk alltid over om det de gjer, kan skade nokon. Hender det ei ulykke, er tivoliet ein fiasko. Er de mange, kan de ha ein eigen sjef for tryggleiken.

Teater

Eit teaterstykke kan bli sjølve høgdepunktet på eit tivoli. De bør helst ha ei scene slik at det er lett for publikum å sjå kva som skjer. Øv inn ein sketsj som de framfører. Kanskje kan de få hjelp på biblioteket til å finne eit stykke. Sats ikkje for stort. Det er betre med eit stykke på 10 til 20 minutt der alle kan replikkane sine, enn eit langt stykke som de ikkje har fått tid til å lære skikkeleg. Ta helst noko morosamt slik at publikum kan le. Ha ein sufflør slik at det ikkje blir skandale om nokon gløymer replikken sin.

Ta inngangspengar

Men ikkje for mykje. Ti kroner kan vere passe. De må gjerde inne tivoliområdet, men ei snor er nok. Set opp eit bord ved inngangen. Ei krone er passeleg mykje ved dei ulike attraksjonane. Er det billeg, kjem det mykje folk som vil prøve seg. De må nok kjøpe inn eller lage nokre premiar, men brukar de for mykje pengar til dette, risikerer de å gå med underskot. De kan også bruke til dømes eple til premiar. Hugs at ingen liker å vinne berre noko skrap. Dersom overskottet skal gå til eit godt formål, som til dømes Redd Barna, kan de ta litt meir betaling. Da kan de også reklamere med kva pengane skal gå til.

Rydd opp!

Rydd skikkeleg opp når tivoliet er over, og lever tilbake alt de har lånt. Elles kan dei vaksne bli sure, og da kjem dei ikkje på tivoli neste år.

Ver løyndomsfull

Fortel ikkje om alt som skal hende på tivoliet. Da blir det meir spennande for dei som kjem.

Bruk reklame

Skriv lappar om tivoliet og legg dei i postkassene i nabolaget! Set også opp nokre plakatar! Gjer dette i god tid, men lov ikkje for mykje.

Organisering

Det bør vere minst ti barn i alderen ti til fjorten år for at det heile skal bli vellykka. Mindre barn kan også vere med og hjelpe til. Hugs at teaterstykket er det viktigaste. Det er dette dei vaksne helst vil sjå.

Av Gard Espeland

Teikning av Trond Rømo

Norsk Barneblad for skapande barn - på nynorsk!