Lensmann Snufs blir sjalu!

Snufs yeah yeah
Snufs yeah yeah

– Kanskje, sa lensmann Snufs til seg sjølv. – Kanskje dersom eg hoppa på ein fot heilt til Drammen, så kom ho til å forstå kor forelska eg er i henne.             Det var sjølvsagt den hemmelege kjærasten sin, Edith Granberget, som Snufs sat og tenkte på. Som alle no veit, var problemet at Snufs var så blyg for damer at han aldri fekk fortalt Edith kor glad han var i henne. Og det var difor han no tenkte på å hoppe på ein fot heilt til Drammen. Han hadde ikkje funne på det sjølv. Det var i eit kjærleiksdikt han hadde lese ein gong for lenge sidan, at dette med å hoppe på ein fot heilt til Drammen stod.

            – Nei, eg trur forresten ikkje det, sa han og vart litt trist. – For det fyrste kom eg til å få veldig vondt i foten, og for det andre kom eg sikkert til å miste jobben fordi folk trudde eg hadde vorte galen. Og sannsynlegvis kom Edith til å tru det ho også.

 Snufs hadde det ikkje godt om dagen. Han var ikkje berre ulykkeleg forelska. Han var også sjalu. I går hadde han sett Edith sitje saman med ein mann nede på konditoriet, og det gjorde svært vondt. Han visste kven mannen var. Det var ein sjømann som hadde budd på turisthotellet i fleire veker, Konrad Kapp-Horn heitte han visst. Og til og med Snufs måtte innrømme at Konrad var ein staut mann. Først hadde Snufs tenkt å putte han i fengsel, men det kunne han sjølvsagt ikkje gjere. Det gjekk ikkje an å fengsle folk berre fordi dei snakka med den hemmelege kjærasten hans. Men vondt var det.

            – Eg treng eit wienerbrød å muntre meg opp på, tenkte Snufs. Og så sa han til assistenten sin, Ole Watson Handjerningen, at han gjekk bort til bakaren ein tur.

            Men da Snufs kom bort til bakeriet, var det like før han snudde, for der sat Edith og denne Konrad igjen. Og om det ikkje hadde vore fordi Edith alt hadde vinka til han gjennom glaset, hadde han snudd med ein gong. Men no måtte han gå inn og kjøpe noko, elles kom ho til å forstå at han var sjalu.

            Da han kom inn, berre nikka han til Edith, men ho ropte til han, og bad han om å setje seg, han også. Og Snufs kunne sjølvsagt ikkje seie "nei" når Edith bad han om noko, same kor dumt han syntest det var at denne Konrad sat der.

            – Konrad har så mykje spennande å fortelje, sa Edith.

            – Han er sikkert ein idiot, tenkte Snufs, men det sa han sjølvsagt ikkje høgt.

            Og medan Snufs åt wienerbrødet sitt (rundt omkring først, og så det gode i midten etterpå) la Konrad ut om alt det fantastiske han hadde vore med på. Same kor mykje Snufs prøvde å fortelje, han også, hadde Konrad alltid ei historie som var mykje meir spennande, og etter kvart kjende Snufs seg mindre og mindre.

            – Men å hoppe på ein fot til Drammen har du ikkje gjort, sa Snufs, som ikkje lenger høyrde etter, men som berre tenkte på sitt.

            Både Edith og Konrad såg rart på han, og Snufs var heilt raud i ansiktet.

            – Eg tenkte kanskje berre at det hadde vorte fin mosjon altså, stamma han.

            – Ja, du snakkar om ein fot, sa Konrad, som straks var i gang med ei ny historie. – I gamle dagar, da det verkeleg var tøffingar til sjøs, var det mange som humpa rundt på ein fot. Sjørøvarane vart ikkje rekna som vaksne før dei hadde mista eine foten i kamp og hadde fått ein trefot i staden. Ein gong har eg faktisk ått trefoten til den kjende piraten Francois Clerc. Vi låg i Firenze med ein stor oljetankar. Og ein kveld kom det bort til meg ein kar med ei lang pakke under armen, og lurte på om eg var interessert i antikvitetar. Jau, det var eit trebein, skal eg fortelje dykk. Nydeleg utskore, og utan tvil ekte. Og om det ikkje hadde tilhøyrt ein pirat, så var det i alle fall eit vakkert stykke handverk av slikt du ikkje ser til dagleg, nei.

            – Å, jaså, tenkte Snufs for seg sjølv. – Han er berre ein skrytepave som til og med lyg. Og det trur eg nok Edith har skjønt også.

            Kva hadde Konrad Kapp-Horn sagt som ikkje kunne vere sant?

 Løysinga

Konrad seier at han låg med ein stor oljetankar i Firenze. Studerer du kartet over Italia, ser du at den byen ligg langt inne i landet. Men at det har levd ein pirat som heitte Francois Clerc, skal visstnok vere sant. Han gjekk også under namnet Pie de Palo, og skal ha herja i Mellom-Amerika rundt 1545.

Av Gard Espeland med illustrasjon av Trond Rømo

Norsk Barneblad - for smarte og lure barn - på nynorsk!