Lensmann Snufs et napoleonskake og blir sjalu

Av Gard Espeland med illustrasjon av Trond Rømo

 – Kanskje, tenkte Snufs da han sette seg ned ved kafébordet. – Kanskje kjem ho hit, ho også. Det er aldri godt å vite.

Forsiktig sette han asjetten med napoleonskaka og koppen med varm sjokolade ned på bordet for ikkje å søle. Han hadde funne eit bord heilt inne i hjørnet på den nye kafeen som Alexandra Conditoria hadde opna i det nedlagde ysteriet. Snufs sette seg med ryggen mot veggen slik at han hadde full oversikt over heile rommet. Han kunne da også følgje med på kven som kom og gjekk.

Det var ikkje så mange folk i kafeen enno, berre eit ungt par som sat og togg skulebrød utan å snakke saman, og to unge mødrer med kvart sitt urolege barn på fanget.

Snufs tok teskeia og klemde napoleonskaka forsiktig saman slik at den gode, gule kremen i midten taut ut på sidene. Da vart det lettare å få tak i han med skeia. Han tok berre bitte små bitar om gongen slik at kaka kom til å vare lenge.

Lensmann Snufs såg at klokka var kvart over elleve. Snart kom det mange folk for å drikke kaffi og ete rundstykke i matpausen sin. Og det var akkurat difor Snufs no sat der han sat. I førgårs da han hadde gått forbi kafeen om lag på denne tida på dagen, hadde han sett at Edith Granberget hadde gått inn på kafeen saman med nokre andre damer frå NAV der ho arbeidde, og no håpte han at ho kanskje kunne kome i dag også.

Snufs var nemleg heilt skrullete forelska i Edith, men problemet var, som alle veit, at han var så blyg at han aldri torde snakke med henne. Lensmannen kunne vere både hard og tøff mot folk som ikkje følgde lova, men berre han tenkte på Edith, gjekk det heilt i surr i hovudet hans.

– Kanskje, tenkte Snufs, kanskje kjem Edith hit i dag òg, og da kan eg i alle fall nikke til henne.

– Kanskje er ho åleine, og kanskje kjem ho hit til bordet og spør …

– Er det ledig her? høyrde han ei stemme som sa, men det var slett ikkje Edith som spurde. Det var ein mann som Snufs ikkje kjende. Og Snufs vart så forvirra at han svara “Ja”.

Det var ein staut ung mann, truleg nokre år yngre enn Snufs. Han hadde vakkert langt hår, og fin ansiktsfarge. Han tok til å snakke med ein gong.

– Det er ikkje så greitt, sa han.

– Det har du rett i, sa Snufs, og tenkte på Edith.

– Eg har vore så uheldig i det siste, sa han. – Eg har vore sjuk, og eg har mista jobben, så eg er snart heilt blakk. Får eg ikkje snart hjelp av NAV, veit eg ikkje kva eg skal gjere. Det er forresten ein svært så søt og hyggjeleg sjef dei har der borte. Det seiest at ho er ugift.

Snufs, som straks forstod at han snakka om Edith, kjende at han vart svært irritert. Her kom det ein framand mann og snakka om ”hans” Edith som om ho skulle vere kven som helst. Og ikkje berre det. Det var ein tøff, ung mann som tydelegvis kunne snakke med framande så lett som berre det. Og da Snufs strauk seg over det blanke hovudet sitt og forstod at han ikkje hadde sjans om denne unge kjekkasen prøvde å bli kjærast med Edith, vart han så sint at han kjende korleis hjartet tok til å banke hardare.

– Det veit eg absolutt ikkje noko om, sa han og såg strengt på den unge mannen. Snufs tok ein stor slurk av den varme sjokoladen og håpte at den unge mannen ikkje skulle seie meir. Men den unge mannen gav seg ikkje.

– Du skulle ikkje vere interessert i ei god investering? spurde han.

– Korleis da? undra Snufs.

 – Fordi eg er blakk, må eg selje nokre sjeldne frimerke eg har.

– Eg har ikkje greie på frimerke.

– Det gjer ikkje noko. Dette er ei bombesikker investering. Den unge mannen tok fram ei lita bok som han hadde på innerlomma, og bladde opp på ei side der det var to frimerke.

– Desse frimerka er verde 1000 kroner kvar, men du skal få begge for 200 kroner fordi eg treng pengane straks.

Snufs studerte merka. På det eine var det bilete av ei løve med øks som i riksvåpenet, og det stod 20 øre. På det andre var det eit bilete av ein mann, og det stod 35 øre.

– Dette løvemerket er faktisk frå 1845, sa den unge mannen. – Og dette med bilete av kong Håkon er frå 1895. Dette er både gamle og dyre merke.

– Unge mann! sa Snufs og såg strengt på mannen ved sida av seg ved kafébordet. – Eg har slett ikkje greie på frimerke, og eg kan ikkje hugse at eg har sett desse frimerka før, likevel veit eg at det du seier, ikkje kan vere sant. Dersom eg høyrer at du prøver å bløffe andre, kan det bli ei svært alvorleg sak for deg. Dessutan, la han til, – kan du halde deg unna damene på NAV også.

Kva hadde mannen sagt om frimerka som ikkje kunne vere sant?

(Løysing)

Mannen seier at frimerket med 20 øre er frå 1845, men det første norske frimerket kom i 1855, og før 1877 brukte vi ikkje kroner og øre, men skilling og spesidalar. Merket med kong Håkon kunne ikkje vere frå 1895, for han vart konge først i 1905. Og om du skulle lure på det: Edith Granberget kom ikkje på kafeen den dagen, men lensmann Snufs tenkte at han skulle setje seg på kafeen ein annan dag også for å vente på henne.

Norsk Barneblad - for smarte barn - på nynorsk!