Liv på andre planetar

Ja, seier forskarar. Det finst nesten heilt sikkert planetar i vår galakse som kan ha liv. Det som trengst er nesten berre rett temperatur og vatn. Meir enn halvparten av planetane som har sol-liknande kvalitetar i vår galakse, kan ha jordliknande planetar som kretsar rundt dei. Truleg har desse mindre planetane, som er på storleik med jorda, både vatn og andre molekylar som kan skape liv, om planeten har rett temperatur. For lite varme eller for sterk varme er ikkje bra, men det er ingen grunn til å tru anna enn at nokre planetar må kretse rundt ”sin” solplanet i ein vinkel som gir akkurat passe varme. Desse aktuelle solene og planetane ligg i eit område som er kalla Kuiper-beltet og ligg svært langt borte frå oss. Problemet for forskarane er at desse aktuelle planetane ligg så langt borte at nærare undersøkingar er vanskeleg.

Norsk Barneblad for intergalaktiske barn - på nynorsk!