Lommepengar og likestilling

Ikkje gratis å leva

Det lønner seg framleis å vere gut. I snitt får gutar over 30 kroner meir i vekepengar enn jentene. Og dess eldre barna er, dess større blir skilnaden. Ja, faktisk er skilnaden på heile 60 % mellom ungdommar frå 15 til 17 år.Lommepengar går til mat, godteri, underhaldning og ulike fritidsaktivitetar for både gutar og jenter. Jentene bruker også mykje pengar til klede, sminke og smykke. Gutane bruker mest pengar på data og teknologi og mindre på slike småkjøp som jentene gjer. Det ser ut som om skilnaden mellom menns og kvinners økonomi startar allereie med lommepengane. Jenter får mindre betalt enn gutar, og det seier noko om kjønnsrollemønsteret i heile samfunnet. Arbeidet med likestilling er noko vi må jobbe med heilt frå barna er små. Det krev at foreldre er bevisste på fordeling av lommepengar mellom bror og søster.

Gutane er flinkare til å spare pengane sine til innkjøp av større ting enn jentene, som ofte brukar alt dei har, med ein gong. Det viktige her er likevel ikkje korleis pengane blir brukte, men skilnaden på utbetalingane. Er det rett at gutane, frå 15 til 17 år, har i snitt kr 1835 i månaden, medan jentene på same alder har kr 1455 til disposisjon? Det er 20 % mindre enn gutane. Samla inntekt, som er løn frå ekstrajobb, vekepengar og andre pengetilskot heimafrå, er høgare for gutar, sjølv om det er like mange jenter som har ekstrajobb.

Norsk Barneblad for glade og opplyste barn - på nynorsk!