Men dei drukna ikkje!

Forskarar skulle finne ut om edderkoppar som lever i område med stadige flaumar, toler å vere lenger under vatn enn same typen edderkoppar som lever i tørre område. Edderkoppane blei lagde under vatn, og forskarane sjekka kor lenge dei levde. Dei børsta forsiktig borti dei med ein liten kost for å sjå etter teikn til liv. Edderkoppane som kom frå flaumområde, levde i 28 timar under vatn. Dei andre klarte seg i 24 timar. Dette er jo veldig mange timar under vatn og imponerande nok i seg sjølv. Forskarane plukka opp dei drukna edderkoppane, og la dei til tørk. Men då skjedde det noko veldig rart som forundra alle. Etter eit par timars tid vakna alle edderkoppane opp og styrte på som før. Ja, som om ingenting skulle ha hendt. Drukna var dei så visst ikkje. Forskarane trur no at edderkoppane legg seg sjølv i koma og på den måten kan overleve under vatn. Så no treng du kanskje ikkje ha dårleg samvit for dei edderkoppane du skylte ned i vasken eller ned i do. Sjansen er til stades for at dei vakna til live så snart dei hadde tørt land under føtene igjen. No lurer forskarane på kor mange andre insekt som kan gjere det same trikset. Enno er det mykje her på jorda vi ikkje veit nokon ting om. Tida for under er ikkje forbi. Edderkoppen på illustrasjonen har ingenting med forsøket å gjere!

Kjelde: National Geographics