Minerydding - for eit tryggare liv!

Kvar einaste dag blir uskuldige drepne eller lemlesta av miner. I meir enn 70 land i verda ligg det enno tusentals miner gøymt i jorda. Dette er svært farleg. I 1997 blei det forbode å bruke miner og i 2010 blei det også forbode å bruke klasebomber. Men likevel ligg det framleis tusentals miner igjen og som må fjernast for å gjere store landområde trygge for folk. Norsk Folkehjelp jobbar med opprydding av miner, klasebomber og eksplosivar i alle desse landa. I år går innsamlinga frå TV-aksjonen nettopp til Norsk Folkehjelp og arbeidet med minerydding. Det kostar berre 1 dollar å lage ei slik mine, men 1000 dollar for å fjerne ho. Slike miner er grusomme og er laga for å skade folk. Enkelte miner blei laga med fine fargar for å lokke til seg folk - gjerne barn som tenkte at det kanskje var noko fint dei kunne leike med. Og så boom - når barnet plukka opp tingen - og før nokon rakk å tenke eksploderte tingen og barnet blei skadd eller kanskje til og med drept. Det er godt at det er forbode å bruke slike miner, men no må jobben gjerast for å fjerne alle dei som framleis ligg rundt i verda. TV-aksjonen går til eit svært viktig arbeid for å gjere verda vår til ein tryggare stad.

Norsk Barneblad for oppvakte barn - på nynorsk!