Mobbing på nettet!

Dersom du har opplevd at andre har oppretta falske profilar på deg, til dømes på Facebook eller i Nettby, kan det vere vanskeleg å vite korleis desse kan bli sletta. Du kan også få hjelp til å slette ting du sjølv har lagt ut, men angrar på. Eller kanskje har nokon lagt ut bilete eller anna av deg som du ikkje vil at andre skal sjå. No har Datatilsynet laga ei side som heiter http://www.slettmeg.no og her kan du  finne ut kva du skal gjere for å få sletta slike ting. Sida kan ikkje slette noko for deg, men du kan finne informasjon om korleis du går fram. Du kan også fylle ut eit skjema å sende inn frå sida, for å få meir og betre hjelp. Norsk Barneblad for glade og opplyste barn - på nynorsk!