Nei til plastposar!

Det var ei dame i Irland som først bestemte seg for å gjere noko med plastposane som finst overalt i samfunnet vårt. Ho starta i sin eigen by og fekk dei til å forby posane og erstatte dei med stoffposar eller papirposar. Helst meinte ho at alle burde ha ein handlepose i stoff som vi kan bruke igjen og igjen. Dette skjedde i 2003. Og no følgjer fleire land etter.

Her i landet må vi betale for plastposane, og det må folk i Sveits, Tyskland, Nederland og Spania også. I Italia og Belgia er plastposane skattlagde, og det same blir no vurdert i England. Ja, i England seier dei at anten må plastposane bli skattlagde, eller dei må bli forbodne. I Australia diskuterer ein det same, forbod eller skatt på plastposar. I Frankrike er det forbod.

I Kina blei dei tynnaste posane forbodne, og dei andre blei skattlagde frå 1. juni i 2008. På Taiwan er det også skatt på posane. Dei er totalt forbodne i store byar som Dhaka i Bangladesh og Mumbai i India. Desse byane har forbode posane fordi dei tettar avløpa under regntida og lagar overfløyming.

 

Kvifor er det så ille med plastposar?

Å produsere plastposane gir mykje drivhusgass som øydelegg ozonlaget vårt. Plastposane treng 100 år på å forsvinne i naturen, og før den tid har dei tetta til avløp, forureina elvar og hav, drepe dyr. Ja, rett og slett forsøpla heile kloten. Spesielt dei tynne plastposane er ille for naturen og dyrelivet. Slike tynne plastposar blei kalla ”nasjonalblomen” i Sør-Afrika fordi han ”pynta opp” landskapet over heile landet. No er ”blomen” forboden i Sør-Afrika. Andre afrikanske land som Eritrea, Rwanda, Somalia, Tanzania, Uganda og Kenya har også forbode dei tynnaste plastposane og legg skatt på dei tjukkare posane.

 

Fram med handleposar i stoff

Det er vanlege folk som står bak aksjonane mot plastposar. Folk som har sett seg grundig lei på forsøplinga og plastposar som ligg og sleng eller heng og sleng overalt. Eg gjekk ein tur på om lag 3 kilometer, langs ein landeveg, og talde meir enn 30 plastposar som låg i vegkanten. Vil vi ha det slik? Nei, det vil vi ikkje. Og det er truleg årsaka til at plastposar no blir skattlagde eller forbodne i land etter land. Godt at politikarane skjønar at dei av og til må gjere som folket seier, nei til plastposar! Men i staden for plastposen er det ikkje så lurt å bruke papirposar. Papirposane er energikrevjande å lage og gir endå meir drivhusgassar enn plastposane. Det beste er å bruke handleposar som kan brukast gong etter gong.

Norsk Barneblad for naturvenlege barn - på nynorsk!