Nokon går og andre kjem...

Vi les nesten dagleg om utrudningstruga dyr og insekt. Men visste du at det enno er mange dyr og insekt som ennå ikkje er oppdaga? Berre denne sommaren har forskarar funne fleire dyr og insekt som vi ikkje visste fanst. Utanfor kysten av Canada har ein til dømes funne fleire ukjente artar djupt nede på havbotnen. Spesielt i dei djupe hava veit vi lite om kva som lever. Her er to "nye" artar frå havet utan for Canada. Ein kjempesøt lilla blekksprut som forskarane tvilar på at dei har sett før og ein vakker "sjøpenn" som har namnet sitt fordi han liknar litt på ein gammaldags fjørpenn til å dyppe i blekk. Les meir på nettsidene til National Geographics

Norsk Barneblad for glade og opplyste barn - på nynorsk!