Norske sjøfuglar døyr ut

Krykkje, lomvi, makrellterne og raudnebbterne er i ferd med å forsvinne frå kysten vår. Toppskarv, svartbak, sildemåse og lundefugl er også i fare. Dette kjem fram i ein rapport frå Fylkesmannen i Hordaland og Sogn og Fjordane. Totalt sett er sjøfuglane redusert med 70 % sidan 1995. Årsaken er ein kombinasjon av overfiske og klimaendring seier forskarane. Sjøfuglane våre lever av småfisk dei  finn ved korte og raske dykk i sjøen. No må dei finne fisken djupare på grunn av overfiske av overflate-fisk eller tobis som det også blir kalla. Sjøfuglane må finne anna å ete og mange av dei klarer ikkje dette og døyr difor av svolt. Norsk Barneblad for glade og opplyste barn - på nynorsk!