Norske villdyr

I januarnummeret av Norsk Barneblad presenterer vi nokre av villdyra våre, bjørn, gaupe, isbjørn og ulv. Det er eit stadig spørsmål om det er plass til både folk og villdyr i landet vårt. Kanskje er det greitt om det ikkje finst bjørn, ulv og gaupe i norsk natur? Eller skal vi gje dei nok plass til å leve på? Norsk Barneblad fyller 130 år i år og i dette nummeret kan du lese frå ei forteljing, «På bjørnejakt med høygaffel og øks!» frå første nummer i 1887. I tillegg får du både sveleoppskrift, dyrekviss, eksperiment, moro, kryssord, teikneseriar, detektivgåte og mykje anna! Norsk Barneblad for nysgjerrige barn - på nynorsk!