Obsession - ein parfyme for jaguarar

Moteskaparen Calvin Klein er kjent for parfymen Obsession som mange damer over heile verda brukar. Vi damer tek jo på litt parfyme for å dufte ekstra godt og slik tiltrekke oss menn, men det vi ikkje visste er at jaguarar også likar Obsession. I Guatemala har forskarar eksperimentert med mange ulike lukter for å lokke jaguarane fram frå jungelen og til å stå stille lenge nok til å kunne fotografere dei. Dette er viktig for å vite kor mange jaguarar som lever i ulike områder. No har forskarane funne den rette dufta. Nemleg parfymen til Calvin Klein, Obsession. Så til alle unge damer som har tenkt seg inn i jungelen der dei store kattedyra held til, tenk deg om før du brukar Obsession. På norsk tyder obsession fiks ide eller tvangstanke på norsk. Norsk Barneblad for glade og opplyste barn - på nynorsk!