Oppskrift på godteri med "sunt sukker"

Riskaker5_MG_1825
Riskaker5_MG_1825

"Sunt sukker" høyrest nesten for godt ut til å vere sant, men den søte stevia-planten blir sagt å vere sunnare enn vanleg sukker. Stevia-planten kjem opprinneleg frå Sør- og Mellom-Amerika. Når du tørkar planta blir blada 30 til 45 gongar søtare enn sukker. Og dersom du utvinn steviol-glykosider frå dei tørka blada, så er dei opp til 300 gongar søtare enn sukker. Dette er skikkelege søtsaker altså. Stevia inneheld ingen kaloriar og fører heller ikkje til blodsukkerstigning. Så om du et godteri med stevia så blir du altså ikkje hyper slik ein blir med vanleg sukker. Kenn Hallstensen og Thorun Ranes har skrive ei bok, "Søtt uten sukker", som inneheld 111 søte og sukkerfrie oppskrifter. Boka er gitt ut på Lille Måne og kan kjøpast i bokhandelen.

Risbollar

Du treng: 100 gram kokosolje, 100 gram mørk sjokolade 70 - 86 %, 2 egg, 1 spiseskei steviosasukker, 1,5 spiseskei sterk kaffi og 100 gram puffa ris.

Slik gjer du: Smelt kokosolje og sjokolade i vatnbad. Tøm i kaffe og rør godt. Visp egg og steviosasukker godt saman før du rører dette inn i sjokoladeblandinga. Hell i puffa ris og rør alt  forsiktig saman. Lag passe små klattar på eit brett med bakepapir og la dei stå kaldt til bollane er heilt stivna. Risbollane må stå i kjøleskapet.

Karameller3_MG_2512
Karameller3_MG_2512

Karamellar

Du treng: 100 gram kokosolje, 100 gram Lucumapulver (tørka tropisk frukt, kjøp i helsekostbutikk), 1 teskei steviosasukker og nokre valnøtter. Har du ikkje valnøtter går det bra utan også.

Slik gjer du: Smelt kokosoljen i vatnbad, rør inn Lucumapulver og steviosasukker. Hell alt i ei lita form med bakepapir. Du bestemmer kor tjukke karamellane skal vere. Dryss over med hakka valnøtter og set forma i kjøleskapet til massa er heilt stiv. Då kan du skjere opp i passelege bitar. Karamellane må stå i kjøleskapet.

Norsk Barneblad for søte barn - på nynorsk!