På tide med noko godt?
Muffins er både godt og raskt å lage. Her er ei enkel og lett oppskrift på tigermuffins. Tigermuffins
16 store eller 30 små muffins
Dette treng du:
- 100 gram smør
- 2 dl sukker
- 2 egg
- 4 dl mjøl
- 2 teskeier bakepulver
- 1 teskei vaniljesukker
- 1 1/2 dl mjølk
- 1/2 dl kakaopulver
Slik gjer du:
Rør mjukt smør og sukker. Tilset eitt egg om gongen. Bland i mjøl, bakepulver og vaniljesukker. Rør inn mjølka.
Ta halvparten av deigen og i ein ny bolle. Rør inn kakaopulveret i den eine deigen. Bland så forsiktig den kvite og den brune deigen så det blir ein stripete deig. No blir det tigermuffins. Fyll i papirformene og steik i omnen på 175 grader i omlag 12 til 15 minutt.
Pynt gjerne med melisglasur og farga kakepynt. Har du nokre små kakelys slengande rundt, så bruk dei gjerne til å pynte med. Så blir det eit ekstra koseleg lysande kakefati mørketida. Kos deg!