Peiskos eller ut på tur - pølse med pinnebrød!

Pølse med pinnebrød Skal du ut på tur? Då smakar det godt med grillspyd med pinnebrød. 

 Du treng:

1 pakke grillpølse

Deig til pinnebrød:

3 dl vatn

4 ss olivenolje

1 ts salt

1 egg

5 dl kveitemjøl, gjerne halvparten fint og grovt

Slik gjer du:

Rør olje, salt, egg og kveitemjøl saman med vatn til ein deig.

 Ta av passe mykje deig og tvinn deigen til ei lang pølse mellom hendene. Surr deigen rundt grillpølsa.

 Steik grillspydet med pølsa og pinnebrødet på grillen eller på bål til pølsene er varme og pinnebrødet er gjennomsteikt.

 Viss du vil, kan du i staden laga to ulike spyd – eitt med pølse og eitt med pinnebrød. Steik dei kvar for seg og et dei saman.

 Og viss du ikkje skal ut på tur, men berre hygge deg framfor peisen, så går det også fint!

Norsk Barneblad for smarte barn - på nynorsk!