Pengane eller livet, utan ketsjup og sennep!

H¿stSnufs
H¿stSnufs

Våren er sein i år, sa lensmann Snufs til seg sjølv. Det var tidleg søndag morgon, og han titta på gradestokken, som viste minus fem.  Men det er ein fin dag for ein skogstur, tenkte han. Snufs visste at kjærasten hans brukte å gå tur langs Bjørkåsvatnet søndag føremiddag, og det var derfor gode sjansar for at han kunne møte henne der.  Men akkurat da Snufs skulle finne den gamle blå anorakken, ringde telefonen.  Hjelp! sa det i telefonen. Det er ran, nesten mord! 

Roleg, berre roleg, sa Snufs. Ein ting om gongen. Kven snakkar eg med? 

Du snakkar med Georg Grille i Grilles gatekjøkken. Rett etter eg hadde opna i dag tidleg, kom det ein mann inn og sikta på meg med ein pistol. Han forlangte å få alle pengane i kassaapparatet. Heldigvis var det nesten ikkje pengar der så tidleg på morgonen, men han tok alt eg hadde, og forsvann. 

Korleis såg han ut? spurte Snufs.

Svart jakke og svarte bukser. Mørkt hår, og inga lua, i alle fall ikkje da han var inne hos meg, hiksta Georg Grille fram gjennom telefonen.

Eg skal ta meg av saka med ein gong! sa Snufs roleg.

Snufs kasta seg inn i bilen og kjørte nedover mot krysset ved Europa-vegen der Grilles gatekjøkken låg. Da han nesten var komen til rutebilstasjonen, møtte han ein mann i svart jakke og svarte bukser. Sjølv om Snufs kunne vere svært blyg når han møtte damer, var han ein svært tøff politimann. Snufs stansa, og før mannen fekk gjort motstand, hadde Snufs teke tak i begge hendene hans, og benda dei bak på ryggen. Etterpå måtte han stille seg med begge hendene på biltaket medan Snufs ransaka han. 

Kva har du her? spurde Snufs da han kjende noko hardt i eine jakkelomma. Det var ein pistol. 

Han er ikkje min, eg fann han akkurat no, sa mannen. Eg rusla inn på byggjeplassen du ser der oppe, berre for å sjå. Og da såg eg pistolen liggje på botnen i ein vassdam. 

Forklar deg nærare, sa Snufs. 

Nei, eg gjekk altså berre inn på den byggjeplassen fordi eg var nysgjerrig, og da såg eg pistolen liggje på botnen i ein vassdam. Så plukka eg han opp, og tørka han. Eg tenkte eg skulle levere han til politiet, sa mannen. 

Det du seier, er svært usannsynleg, sa Snufs. Det er best du blir med meg på kontoret. 

Kva hadde mannen sagt som var usannsynleg?

Svaret på detektivgåta: 

For det første bruker vassdammar på byggjeplassar vere så grumsete at ein ikkje kan sjå botnen. For det andre er det så kaldt at det er is på alle dammar denne morgonen. Det veit vi fordi Snufs seier det er minus fem grader. Altså lyg mannen!

Norsk Barneblad for smarte barn - på nynorsk!