Plastsøppel i sjøen

Søppelberget vårt veks og veks. Mykje av plasten hamnar i havet. Verdshava er fulle av plast som flyt rundt eller ligg på botnen. Det finst ikkje ein avkrok i verdshava som ikkje har hatt besøk av ein plastpose eller to. Og for kvart andre eller tredje år blir det ti gonger verre. I havet har det alltid funnest rekved og levande liv som var tilpassa eit liv på og rundt rekveden. Mykje av dette livet har flytta over til plasten, som oppfører seg om lag som rekveden, men han går ikkje sakte, men sikkert i oppløysing.

Fisk bur og gyter under plastsøppelet. Rurskjel buset seg på plastsøppelet og blir med rundt i havet. Sidan plasten ikkje går i oppløysing, er det ingen grenser for kor langt han kan flyte med straumane i havet. Det gjer at fiskar og skjelsortar kan kome langt bort frå den naturlege heimen sin og slik endre økosystemet der dei hamnar. Det kan vere farleg for dei lokale fiske- og skjelsortane.

Sjøfugl lever av småfisk og rurskjel. Når det kjem ein plastdings flytande som er full av smakfulle rurskjel, er det fort gjort å sluke heile dingsen. Men som vi alle veit, er det farleg å ete plast, og det finn dessverre fuglane ut for seint. Ikkje veit dei kva plast er heller, og dei er vane med å kunne hoste opp att rekveden rurskjela sit fast i. Om dei ikkje klarer det, så klarer magesyra å ta knekken på rekveden. Men ikkje slik med plasten, som til slutt øydelegg innvolane til fuglane, og dei døyr.

Havskjelpaddene likar godt å ete maneter, og ein flytande plastpose liknar jo litt på ein manet der han flyt av garde i vatnet. Dessverre går det med havskjelpaddene som med sjøfuglane. Plasten sit fast i tarmane deira og tettar heile systemet, og dei døyr.

Det første vi kan gjere, er å slutte å bruke plastposar når vi handlar inn mat. Fleire byar i USA har forbode bruken av plastposar i butikkar. Bruk papirposar eller ta med eigen handlebag. Dette er ikkje dumme råd. Dette er miljøvern i praksis – noko alle kan gjere.

Norsk Barneblad - for miljøvennlege barn - på nynorsk