Den klassiske frukostmoroa

Bruker familien din egg til frukost på laurdagar eller søndagar? Om svaret er ja, har du sjansen til å gjere ein klassisk rampestrek av enklaste og beste merke. Du byter om innhaldet i salt og sukker-bøssene. Så enkelt og så morosamt. Så når far skal salte det kokte egget sitt og ta ein god bit av den herlege søndagsfrukosten sin, æææsssjjj! Den uventa smaken vil få far til å gå taket, hehehe. Berre pass på at du har fleire egg på lager så far blir mett og blid igjen!

 

Dette treng du

  • Saltbøsse
  • Sukker

 Lukke til frå Rampejenta

PS. Har du ein rampestrek, så send han inn til nana@norsk-barneblad.no

Alle innsende rampestrekar som Rampejenta trykkjer i spalta si i papirutgåva av Norsk Barneblad, blir premierte. Og hugs – rampestrekar er berre morosame så lenge ingen blir skadd og ingenting blir øydelagt!

Norsk Barneblad for frekke barn - på nynorsk!