Kven er i skåpet?

Kven er i skåpet?  

Kanskje du har ein gammal kassettspelar du kan bruke til å gjere opptak? Då kan du få det morosamt. Set spelaren på opptak og lat det gå mange minutt, gjerne ti, utan at noko skjer. Så ropar og skrik du inn på bandet. Kva du snakkar inn eller skrik inn, er ikkje så viktig, berre at det blir passe nifst. Når dette er gjort, skal du finne ein passande gøymeplass, gjerne inne i eit skåp. Set kassettspelaren klar. Når du veit at nokon, kanskje resten av familien, skal opphalde seg i dette rommet, snik du deg inn og trykkjer på play på kassettspelaren, utan at nokon ser deg. Då tek det fleire minutt før det plutseleg skrik frå eit kjøkkenskåp (om dette skjer på kjøkkenet, altså). Du kjem til å få deg ein god latter når du ser kor forvirra dei andre blir.  

 

Dette treng du:

  • Kassettspelar og tom kassett til opptaket

 Lukke til frå Rampejenta

 PS. Har du ein rampestrek, så send han inn til nana@norsk-barneblad.no

Og hugs – rampestrekar er berre morosame så lenge ingen blir skadd og ingenting blir øydelagt!

Norsk Barneblad for rampete barn - på nynorsk!