Lurebombe!

Du tek eit tomt plastegg frå eit Kinderegg. Fyll det med bakepulver og litt vatn. Når du rister det godt, vil det eksplodere i løpet av nokre få sekund. Her gjeld det to ting, ver utandørs, og ver rask. Du vil ikkje orke å reingjere etter ei slik bakepulverbombe, så gå ut! Eit lite tips kan vere å ta med litt bakepulver og litt vatn og leggje seg bak ein busk. Når du ser kompisen din kjem gåande, er du rask, blandar bomba i plastegget og kastar ho ut på vegen rett framfor han (ikkje på han, nei). Gjett om han eller ho kjem til å få sjokk? Dette treng du:

Tomt plastegg frå Kinderegg

Bakepulver

Vatn

Lukke til frå Rampejenta

PS. Har du ein rampestrek, så send han inn til nana@norsk-barneblad.no

Alle innsende rampestrekar som Rampejenta trykkjer her i spalta si, blir premierte.

Og hugs – rampestrekar er berre morosame så lenge ingen blir skadd og ingenting blir øydelagt!

Norsk Barneblad - for rampete barn - på nynorsk!