Ransel eller skulderveske?

Kva er viktigast? Å vere stilig eller å ta vare på kroppen? Dei fleste vil vel svare at det er viktig å ta vare på kroppen, om dei tenkjer seg om. Men no er det faktisk slik at veldig mange helst bruker skulderveske framfor ransel til og frå skolen. Ei skulderveske som ikkje er fullstappa, og som veg mindre enn 10 % av kroppsvekta til ho eller han som ber ho, er ikkje skadeleg. Men ofte er jo ei slik skulderveske proppa av bøker, og då blir det tungt. Meir enn halvparten av alle her i landet har vore plaga med vond rygg ein eller fleire gonger i livet. Å bruke ryggen feil er ofte årsaka til vond rygg. Å bere tunge bører i ei skulderveske er typisk ”feil” for ryggen. Men om du absolutt må bruke skulderveske, så bed legar og kiropraktorar deg om å passe på at veska ikkje er for tung, legg skulderreima over hovudet og ned på den andre skuldra. Og hugs, er du i god fysisk form, så toler kroppen meir enn om du er ein sofapotet. Ein ransel som sit godt inntil ryggen din kan vere tyngre, ja så mykje som 15 % av kroppsvekta di. Kort oppsummert blir det altså slik:

Er du 40 kilo tung kan skolesekken din vege 6 kilo, medan skulderveska di må vere godt under 4 kilo. Ikkje gløym at ryggen din skal vare livet ut, og skoletida er "kort".

Til slutt må du hugse at om du ber ranselen i ei reim over skuldra så er det faktisk verre enn om du hadde skulderveske på skrå over overkroppen... Skal det vere vits i ransel må han berast på ryggen. 

Norsk Barneblad for skolebarn - på nynorsk!