Redda av alligatorblod?

Ja, kanskje blir du redda av alligatorblod? Ein alligator slåst ofte og blir ofte såra. I sumpen og vatnet der alligatorane lever, er det flotte forhold for svært mange hissige bakteriar, men likevel går det som oftast bra. Dei store overflate-såra til alligatorane gror fint saman og blir sjeldan infiserte. Kvifor blir ikkje alligatorane oftare sjuke av desse sår-skadane sine? Andre dyr som får slike store overflate-sår, har ofte store plager med infeksjonar og at såra ikkje vil gro. No trur forskarar at dette har samanheng med blodet til alligatorane. Testar syner at alligatorblod er heilt spesielt. Blodet frå ein alligator frå Louisana i USA klarte å øydeleggje heile 23 ulike bakteriar, også slike som ikkje let seg knekke av antibiotika. Og ikkje nok med det, blodet klarte å kvitte seg med ei stor mengd med HIV, viruset som gir AIDS. Menneskeblod klarer berre å kvitte seg med 8 av desse bakteriane. No trur forskarane at ein spesiell type peptid eller fragment av protein i blodet gjer at alligatorane klarer å unngå alvorlege sår-infeksjonar. Desse peptida finn vi også i huda til froskar og padder, komodo-dragar og krokodiller. I framtida håper forskarane at denne kunnskapen kan hjelpe menneske med å unngå infeksjonar også. Men først må forskarane reindyrke desse peptida og sjå om dei kan framstillast kunstig i eit laboratorium. Slik kan alligatorblodet vere med på å lage nye medisinar mot infeksjonar. Medisinar som kan redde mange menneskeliv og gjere livet lettare for alle som er plaga med infeksjonar og sår som ikkje vil gro. Så om alt går som forskarane håpar, kan du om sju til ti år gå til apoteket ditt og kjøpe alligatorkrem til å smørje på såra dine. Norsk Barneblad for nysgjerrige barn - på nynorsk!