Rumpeldunk-kamp på Bjørlo!

Bana er oppmerka med internasjonale mål (55x33 meter), seks målringar er konstruert etter eigen patent, fire ballar av ulike typar og 14 nylaga kapper og sopelimer til dei 14 spelarane. Alt dette fordi Iver las ein artikkel «Full fart på sopelime» av Cecilie Takle i Norsk Barneblad. Iver blei skikkeleg inspirert og med flinke foreldre så var rumpeldunk, avdeling Bjørlo, eit faktum.

Vil du gjere som Iver?

Ein treng sjølvsagt ikkje starte eit eige lag for å kunne spele rumpeldunk sjølv! Kanskje du kan få med deg vennane dine til ei balløkke der de bur, eller kva med å prøve å overtale gymlæraren på skulen til å la klassen prøve rumpeldunk i gymtimen? For ein treng nemleg korkje dyre sopelimar som er etterlikningar av dei som vert brukte i filmane, eller anna utstyr enn sånt som finst i gymsalen.

For å spele rumpeldunk med vennane eller klassekameratane dine treng du:

  • helst 14 spelarar (men ein kan sjølvsagt tilpasse spelet etter kor mange ein er)
  • ein som kan springe med gullsnoppen
  • gjerne ein upartisk dommar som kan telje poeng, til dømes ein gymlærar
  • ein tennisball oppi ei strømpe som kan festast på han eller ho som spring med gullsnoppen (vedkommande bør ha på seg noko gult)
  • tre ballar som kan vere sluff og klabbar (dei kan gjerne vere mjuke)
  • eit mål, til dømes rockeringar som ein festar i tau eller stativ i passeleg høgd over bakken
  • sist, men ikkje minst: sopelimar.

Det er berre fantasien som set grenser for kva som kan vere ein sopelime! Det kan ein enkelt lage sjølv med til dømes øydelagde kosteskaft, gamle greiner ein finn i skogen, kanskje nokon har eit balltre dei kan nytta, og så bortetter.

Viss ein speler i gymmen eller i skulegarden, kan ein kanskje nytte overtrekksvestar for å tydeleggjere kven som speler på kva lag.

Viss de vil lese meir om reglane i rumpeldunk, om poeng og slikt, kan de gå inn på http://rumpeldunk.no, og trykke på ”Regler” i menyen.

Tekst frå artikkel i Norsk Barneblad av Cecilie Takle, august 2015

Foto: Jeanette Løvoll

Norsk Barneblad for rumpeldunkspelande barn - på nynorsk!