Selburosa er på motetoppen!

Vil du vere skikkeleg kul i vinter? Finn fram den gamle selbukofta til bestemor eller bestefar. Pynt ho opp med eit skinnbelte og du er heilt på motetoppen. Dolce&Gabbana satsar friskt på selburosa i år og det synest både Norsk Barneblad og Selbu Husflid er stas. Dersom du synest ei heil strikkejakke er i meste laget så kan du satse på eit par selbuvottar istaden. Dei kan du jo kanskje strikke sjølv også? Eit heitt tips til ein fin hobby på mørke haustkveldar er sjølvsagt å strikke.

Norsk Barneblad for glade og opplyste barn - på nynorsk!