Solveig Muren Sanden minneord

Solveig Muren Sanden døydde 22. november, 95 år gamal. Berre nokre dagar tidlegare tala ho oppegåande og glad i telefonen heime i Vrådal, ho hadde fått julehefta i posten. Som vanleg hadde ho illustrerte eventyr og historier på trykk i Tuss og Troll og i Smørbukk, denne gongen i 50 år gamal reprise frå 1963.  

Solveig sovna inn same veka som julehefta vart lansert. Og det var gjennom julehefta ho fekk sin store skare av tilhengarar. Ho var sjølve eventyrteiknaren for mange generasjonar av barn.  

Louis Moe og Henrik Sørensen var inspiratorar for den unge lovande Solveig Muren frå Vrådal. Målarinna kom til å teikne i det vesle formatet – med bladillustrasjonar, bokomslag og teikneseriar for barn i bygd og by. I meir enn 50 år var ho tilknytt Norsk Barneblad. Frå 1957 laga ho illustrasjonar til bladet og til eventyrheftet Tuss og Troll. Få år etter tok ho over Smørbukk. Ho og redaktør Johannes Farestveit vart eit radarpar, og dei to fekk Kulturdepartementets første teikneseriepris.  

Vi har òg vore så heldige å få samarbeide med Solveig i barnebladet. Vi lærte å kjenne ei vennleg og samfunnsorientert eldre kvinne, ein kunstnar som kunne tilpasse seg det vesle formatet, som kunstnarleg og pedagogisk stilte seg på barnas side. Ho og Arne hadde ikkje barn sjølve, men ho hadde mange tusen lesande barn i Noreg, USA, Island og på Færøyane som sette pris på streken hennar.  

Etter mange år opplevde Solveig ære og medgang. I kunstforeininga i Vrådal, i Kviteseid kommune og i teikneseriesamlinga på Maihaugen har dei tatt vare på kunsten hennar. Ho var den første som vart æresmedlem i Smørbukks Vener, ho har fått kulturprisen i Kviteseid og Kongens sølv.  

Solveig hadde sine alders plager, men ho var oppegåande på alle vis, heilt til det siste. Ho følgde med i verda, i kunsten, og ho måla nesten heilt til det siste. Solveig var ein stor kunstnar i det vesle formatet.

Nana Rise-Lynum, redaktør frå 1999

Gard Espeland, redaktør frå 1991 til 1999

Olav Norheim, redaktør frå 1983 til 1991