Songsvaner har høgderekorden!

Songsvaner liker å flyge høgt. Ein pilot i eit fly over Ytre Hebridane såg ein gong songsvaner på heile 8 230 meters høgd, altså over åtte kilometer oppe i lufta. Der oppe er det rundt minus 50 grader, og lufttrykket er berre ein tredjedel av trykket ved bakken. Dette skal vere verdsrekord i høgdeflyging for fuglar. Dette kan du lese i Norsk Barneblad denne månaden.

Men vi kom i skade for å trykke eit foto av to knoppsvaner. Det kan du sjå på den svarte kulen knoppsvanene har høgt oppe på nebbet. Ein slik svart kul har ikkje songsvanene ellers er dei like vakre begge to :-) Men her har du fire songsvaner på tur.

Takk til Sofie.

Norsk Barneblad for glade og opplyste barn - på nynorsk!