Ta vare på kvarandre

Det som hende fredag 22 juli er så ufatteleg trist og grusomt at vi ikkje har ord. Det er vanskeleg å skrive noko som gir meining, men alle blomane utanfor domkyrkja i Oslo gir oss håp. Saman skal vi klare også dette.  Og i namna til alle som døydde skal vi gjere Noreg til eit endå betre land å bu i. Vi skal svare på desse onde handlingane med å vise meir kjærleik til alle. Som den unge AUFjenta, Stine Renate Håheim sa; Viss ein mann kan vise så mykje hat, tenk kor mykje kjærleik alle kan vise saman. Ungdommen på Utøya viste oss det då det grusomme skjedde. Dei viste oss at samhald ikkje er eit tomt ord. Dei gjorde det med handling. Dei tok vare på kvarandre og hjelpte kvarandre. Det skal aldri gløymast. Den grusomme handlinga var eit åtak på heile landet vårt, på likeverd og mangfald i eit demokratisk styresett. 

Alle i Norsk Barneblad sender sine varmaste tankar til offera og deira etterletne. Vi vil også rette ei takk til statsminister og statsrådar, friviljuge og helsepersonell som har takla den vanskelege situasjonen på ein framifrå måte.

Vi skal ikkje blir redde for å meine noko, redde for å engasjere oss, redde for å samle oss.  No er det nettopp det vi skal gjere. Anders Behring Breivik har vist oss kor viktig det er å slå ring om demokratiet.  Å vere politisk aktiv er viktigare enn nokon gong før.

Les meir på http://www.barneombudet.no/tilungdom/ og http://nrksuper.no/super/supernytt/2011/07/23/det-er-viktig-a-snakke-med-noen-voksne/

ArtiklarNana