Tornadoen i Oklahoma

Tornado i Oklahoma
Tornado i Oklahoma

I Noreg har vi aldri så store og sterke tornadoar som i USA. Enkelt sagt er det aldri så stor skilnad på varm og kald luft her i landet som visse stadar i USA. For å få ein stor og sterk tornado må det vere stor temperaturskilnad på lufta høgare oppe og lufta ved bakken. Oklahoma i USA har for få dagar sidan blitt råka av ein svært sterk tornado. Han har feia over landskapet og øydelagt hus og heimar for tusentals menneske. Mange har mist livet. Oklahoma ligg midt i det som blir omtala som tornado-beltet.

I USA er det rundt 800 tornadoar kvart år. Ingen land i verda har så ofte øydeleggjande tornadoar som nettopp USA. Oklahoma ligg i det mest utsette området. Meir enn halvparten av desse tornadoane kjem i høgsesongen som er mai, juni og juli, men dei kan også dukke opp andre tider på året. Og tru det eller ei, men det er faktisk folk som reiser rundt som tornado-turistar. Dei leitar etter tornadoar for å filme dei og rett og slett oppleve naturkreftene.

Ein tornado eller ei skypumpe er ei kraftig roterande luftsøyle som stig ned frå toreskyer og ned til bakken. Tornadoar har mange forskjellige former, men er ofte synleg som ei smal, trektforma sky, der den smale enden av «trekta» tar nedi bakken. Ofte vil ein òg sjå ei sky av avfall som krinsar rundt den nedre delen av tornadoen.

Ein gjennomsnittstornado har vind mindre enn 50 m/s (175 km/h), er om lag 100–200 meter brei og flyttar seg eit par kilometer i løpet av nokre minutt før dei døyr ut. Dei kraftigaste tornadoane kan derimot ha vind over 130 m/s (480 km/h), vere meir enn 1,5–2 km brei og flytte seg over 100 km på nokre timar. Tornadoen som traff Oklahoma var ein av dei kraftigste i vår tid.

Norsk Barneblad for nysgjerrige barn - på nynorsk!