Treng vi pelskåper?

I det siste har vi lese mykje trist om pelsdyr som har det vondt. I avisene har vi sett bilete av dyr med stygge sår og tronge bur. I alle tider har menneske brukt pels til å halde seg varme i kalde vintrar. Men i gamle gamle dagar levde desse dyra fritt og blei jakta på for pelsen sin og kanskje også for kjøtet sitt. No om dagen lever desse dyra i bur og blir avla opp for å bli flådde og sydde til varme klede for frostige menneske. At vi held husdyr til mat og anna er jo slik det er, men alle er samde i at husdyra våre må ha det bra.  Difor har vi Mattilsynet som skal sjekke husdyrhald over heile landet og sjå at alle lover og reglar blir haldne og at dyra har det bra. Slik skal det jo vere i pelsdyrnæringa også, men mykje tyder på at mange av desse dyra likevel ikkje har det bra. Det er fælt å lese at dei som driv med pelsdyr seier at "litt skadar" må ein rekne med.

mink
mink

Kanskje er det ekstra vanskeleg å halde slike dyr innesperra i bur? Vi snakkar jo om mink og rev som begge er rovdyr og ikkje tamdyr. Og set du  rovdyr i  bur  så blir det vel både slossing og skadar? Om pelsdyrnæringa skal vere liv laga i framtida må dei finne betre løysingar enn i dag. Dyra må ikkje lide slik som det er vist mange døme på i avisene siste tida. Om ein driv med dyr så er det ikkje rom for "litt skadar".  Dyr i fangenskap skal ha eit rimeleg bra og skadefritt liv. Det er eit minste forlangande.

Norsk Barneblad for glade og opplyste barn - på nynorsk!