Trudde du at maten i Noreg var dyr?

LB_Matbutikk__dagli_188930c
LB_Matbutikk__dagli_188930c

Mange vaksne klagar stadig over den dyre maten her i landet. Men det er faktisk ikkje sant. For å seie noko om maten er dyr eller billeg i eit land må ein sjå på kor mykje av løna som går til mat. Nordmenn brukar lite av løna si på mat i forhald til andre land.  Både  i Danmark og Finnland må folk bruke meir av løna si på mat enn her i landet. Men i Sverige brukar folk mindre på mat enn her. Det billegaste matlandet i Europa er Luxembourg. Noreg ligg på sjetteplass. Dette er resultata frå ei undersøking som er gjort av Eurostat. Vi må altså slutte å klage på høge matprisar her i landet. Et med godt samvet! Norsk Barneblad for svoltne barn - på nynorsk!