Tryggare for fjellreven

Vi har skrive om fjellreven fleire gongar, men då med ein trist bodskap. For berre få år sidan fanst det berre mellom 50 og 60 vaksne fjellrevar. Faren for utrudning var overhengande. Men no er det gledeleg nytt. På få år har talet på fjellrevar vakse til meir enn det dobbelte. Foringsstasjonar og utplassering av fjellrevar fødde i fangenskap ser ut til å virke slik det skulle. Ennå er ikkje fjellreven redda, men held den gode utviklinga fram slik som no, så kan vi kanskje om eit par år, skrive ein endå meir positiv notis. Hurra for godt arbeid med å snu den triste utviklinga. Den norske fjellheimen treng dei vakre fjellrevane.

Norsk Barneblad for alle naturglade barn - på nynorsk!