Tyrannosaurus rex var ein treiging!

I alle skrekkfilmane om dinosaurar ser vi korleis den store tyrannosaurusen forfølgjer både folk og bilar, i ein rasande fart. Men mykje tyder på at det er berre på film, og at tyrannosaurusen i røynda var ein skikkeleg treiging. Ein biomekanisk simuleringsmodell på data syner at kroppsbygnaden og vekta til tyrannosaurusane tilseier at dei slett ikkje kunne springe så fort.  Tyrannosaurusen vog meir enn 6000 kilo.

Ei klassisk scene frå Jurassic Park syner korleis tyrannosaurus rex jagar ein bil som køyrer i meir enn 70 kilometer i timen. Dersom simuleringsmodellen til vitskapsmennene stemmer, så betyr det at 86 % av kroppstyngda til tyrannosaurusen må ha vore leggmusklar. Vi veit at det ikkje var slik. Ingen skapningar har så mykje av vekta si i føtene, for då er det ikkje rom for verken skjelett, andre musklar eller andre kroppsdelar. Leggmusklane er vanlegvis ikkje meir enn mellom 5 og 20 % av kroppsvekta åt eit dyr. Altså sprang ikkje tyrannosaurusen fort nok til å ta att bilen.

Men trass i dette så sprang tyrannosaurusen fort nok til å vere farleg for eit menneske. Mest truleg kom han opp i ein fart mellom 16 og 40 kilometer i timen. Ei heilt anna sak var at tyrannosaurusen nok var svært redd for å ramle. Dersom han ramla på rygg, ville han ha store problem med å kome seg på beina att. Så endå ein god grunn til å ta det med ro. Vitskapsfolka trur han sprang berre i sjeldne tilfelle, og at han som oftast lunta sakte framover for å halde balansen og unngå stygge fall.  Men stor som han var, så monna eit steg framover.

Norsk Barneblad for nyfikne barn - på nynorsk!