Ingen politimester Bastian!

Ei unge jente på 20 år blir politisjef i byen Ciudad Juarez i Mexico. Ingen andre ville ha jobben fordi han er for farleg. Marisol Valles studerer kriminologi i nabobyen Guadalupe og har søkt og fått jobben som politisjef. Over 28 000 mennesker er drepne i Mexico sidan 2006. Alt handlar om narkotika. I byen der jenta er blitt politisjef er heile 6 500 mennesker drepne dei siste tre åra. Ingen andre enn ho ville altså ha jobben. Folk er rett og slett for redde og det skjønar ein godt når ein veit at det er 5 eller 6 nye drap kvar dag i Ciudad Juarez. Mexico har eit kjempeproblem med narkotika-kartell som slåss om kontrollen over smuglarrutane inn til USA. Det er tale om store summar av pengar og han eller ho som står i vegen for narkotikasmuglarane blir ofte berre "rydda av vegen". Vi får ønskje den modige Marisol alt godt og at det går bra med ho. Det er ingen Politimester Bastian i Ciudad Juarez!