Utrygge reservat

I Kenya er det heile 49 nasjonalparkar som til saman dekker 8 % av heile landet. I Kenya bur det no over 40 millionar menneske. Reservata eller nasjonalparkane er sjølvsagt oppretta for å ta vare på det ville dyrelivet i landet. Kenya har store inntekter frå turistar som kjem nettopp for å sjå ville dyr. For å ta vare på dei ville dyra er det forbode å bu og jakte i reservata. Men likevel viser undersøkingar at dyra ikkje er trygge verken i eller utanfor reservata. Mange av dyra er såkalla migrerande dyr. Det betyr at dei vandrar på lange turar i løpet av eit år. Noko av problemet er at dyra vandrar utanfor reservatet også. Dyra veit jo ikkje kva som er reservat, og kva som ikkje er det. Dyra berre gjer slik dei alltid har gjort og går dit dei alltid har gått.

40 millionar menneske må sjølvsagt bu ein stad. I reservata er det ikkje lov å busetje seg, men rett utanfor er det jo lov. Og dermed veks det opp busetjingar rett utanfor grensene til reservata. Du kan sjølv tenkje deg at det ikkje er lett verken for dyra som er på vandring, eller for folket som bur der. Dette blir det trøbbel av. Og rett innafor på reservatet er det lett å få skote eit dyr om familien din svelt. Eit dyr frå eller til, tenkjer dei vel. Men til saman blir det ikkje så bra for dyrelivet.

Ein skikkeleg innsats er gjord for å auke talet på elefantar i Kenya. No er det så mange elefantar at det også er eit problem. Elefantane trakkar ned graset og øydelegg skogen som antiloper og andre hjortedyr skal gøyme seg i og ete av. Dei som bur i landsbyane nær reservata der elefantane likar å vere, er heller ikkje så lukkelege over å ha slike store dyr som naboar. For ein elefant berre går dit han vil og et det han har lyst på.

For Kenya er det veldig viktig at alle dei ville dyra har det bra, og at turistar framleis kan kome for å sjå dei. Turistar på safari er ei av dei største inntektskjeldene for landet. I dei siste 30 åra har 40 %, altså nesten halvparten, av dei ville dyra forsvunne. Dette er ikkje bra, verken for folk eller dyr.

Norsk Barneblad for glade og opplyste barn - på nynorsk!