Verdt å vite om dyras liv

Vi har mange gode faktabøker om dyr, men dette er første boka som tek opp dyreetikk på ein skikkeleg måte.  ”Verdt å vite om dyras liv” er laga av Rådet for dyreetikk og er blitt eit svært vellukka og viktig bokprosjekt.  Ingen heim eller skule burde vere utan denne boka.   Samanhang mellom livskvalitet for dyr og pris på mat

Boka er delt inn i fem hovudkapittel som tek for seg husdyras historie, godt dyrestell, sports- og kjæledyr, produksjonsdyr og ville dyr. Spesielt kapittelet om produksjonsdyr er viktig. Alle barn lærer at mjølka kjem frå kua ogat høna gir oss egg.  Men neppe noko særleg meir om korleis livet artar seg for desse som gir oss søndagsfrukosten. Det gjer denne boka.  Her er endelegsamanhengen med pris på mat og korleis produksjonsdyra blir handsama. At livskvaliteten til høna eller kua faktisk heng direkte saman med prisen vi er viljuge å betale for både egg og mjølk, er ikkje like lett å forklare barna, men svært viktig.  

 

Fleire kyllingar enn menneske i verda

”Verdt å vite om dyras liv” er rikt illustrert og har korte informative tekster. Viktige opplysningar eller fyndige fakta og gode spørsmål til ettertanke,  er plassert rundt om på sidene. Dette gjer at boka også fungerer godt for dei som ikkje orkar å lese store tekstblokkar. Min åtteåring hadde stort utbytte av slik skumlesing og kom forskrekka inn til meg i stova etter å ha lese om slaktekyllingar som lever i ein månad før dei blir slakta. Vi fikk ein flott diskusjon om velferda til kyllingar, høner og hanar.  Både han og eg er svært glade for at det frå i år er forbode med tre og tre verpehøner i bittesmå bur utan pinne og sandkasse.  Dette visste vi jo ikkje frå før. Vi visste heller ikkje at det er fleire kyllingar enn menneske i verda. Og det var berre to av mange nye saker vi lærte av å lese ”Verdt å vite om dyras liv”.  

 

Mål i læreplanen

Boka gir eit realistisk bilete av korleis dyra i Noreg har det. Meir kjennskap til dyrehald vil gi auka interesse og respekt for dyr slik at dyra får det best mulig. Det er eit mål i læreplanen at elevar etter 4. klasse skal kunne fortelje om dyr og snakke om god dyrevelferd.  Ungar er er framtidas forbrukarar og utan at dei har eit medvite forhald til dyrehald er det vanskeleg å få den gode diskusjonen som vi treng for å halde på ideen om at alle dyr skal få leve så godt som mulig og bli avliva på ein måte som ikkje gjer dei redde.  I så måte er dette ei veldig viktig bok.

Bok er gitt ut av Skald Forlag saman med Rådet for dyreetikk

Norsk Barneblad for dyregode barn - på nynorsk