Vil du ha ein labraduddel?

Eller kanskje du føretrekkjer ein schnuddel? I Australia på syttitalet begynte ein å blande ulike hunderasar. Mange reinrasa hundar er berre dyrka fram på grunn av utsjånaden. Ein hadde heilt gløymt helsa deira. Men det er liten vits i å vere ein pen hund når du har medfødd dårleg helse. Slik blir det når det blir avla på for få hundar. Ein vakker hannhund med mengder av diplom frå utstillingar blir para med ein annan vakker vinnar-hund, som til dømes er dotter hans. Dette blir gjort fordi ein vil at avkomet deira skal bli penast mulig. Slikt gjer ikkje vi menneske. Ein kan ikkje gifte seg med far sin eller med bror sin. Når nokon som er i nær slekt, får eit avkom, kallar vi det innavl, anten det gjeld dyr eller folk. Og det er nettopp for å unngå innavl at ekteskap mellom nære slektningar er forbode. Innavl kan gjere at medfødde sjukdomar går i arv.

Når ein avlar dyr, gjer ein det med tanke på å forsterke enkelte trekk og eigenskapar som til dømes at hunden skal sjå ut på ein spesiell måte eller oppføre seg på eit bestemt vis. Dersom du vil ha ein hundetype med store auge og små øyre, så tek du ein hundetype med store auge og parar med ein annan hundetype med små øyre. Så tek du det avkomet deira som har fått både små øyre og store auge, og parar vidare på. Slik held du på med å ta den hunden som passar best til målet du har sett deg, og til slutt har du, om alt går bra, ein perfekt hund med store auge og bitte små øyre.

Men kanskje har denne hunden dårleg helse? Kanskje var det ingen som tenkte på å passe på at berre svært friske og godlynte hundar var med i avlsprosjektet – at ingen hundar med sjukdom i familien sin vart avla på. Mange av dei reinrasa, populære hunderasane våre er avla på i så mange år at dei no begynner å få ei mengd medfødde sjukdommar. Til dømes har den tyske schæfer-hunden problem på grunn av innavl. Heile 89 medfødde sjukdommar kan ein stakkars schæferhund bli plaga av.

Labraduddelen er ein frisk og godlynt hund. Han er avla fram for å forsterke dei gode eigenskapane til labradoren og puddelen. Labraduddelen har fin, bølgjete, passe kort pels som røyter svært lite. Han har store, opne auge og er snill og tolmodig. Det flotte med labraduddelen er at han er tvers igjennom frisk. Her er det ingen innavl. I alle fall ikkje enno.

Så kanskje du vil ha ein labraduddel?

Norsk Barneblad for hundeglade barn - på nynorsk!